LESARINNLEGG:

Jenny Klinge
Jenny Klinge

Styrk maritim næring for framtida!

Publisert

Arbeidsplassane og aktiviteten som maritim næring står for i Møre og Romsdal er gull verdt – både for fylket vårt og for heile landet. Det er ingen tvil om at dette er ei framtidsnæring. Likevel må det politiske grep til i krisetider slik at vi beheld flest mogleg av bedriftene og arbeidsplassane.

For at maritim næring skal utvikle seg sterkt i framtida, vil vi i Senterpartiet ha på plass konkrete og målretta tiltak snarast råd. Vi har allereie kome med slike forslag i arbeidet med både revidert nasjonalbudsjett for 2020 og statsbudsjettet for 2021, men det ser dessverre ut for at det må eit regjeringsskifte til for at vi skal få gjennomslag på Stortinget for viktige tiltak.

Senterpartiet vil mellom anna satse på norske sjøfolk. For å bidra til dette vil vi fjerne makstaket i nettolønsordninga, noko næringa ønskjer. Å behalde norske sjøfolk er ein føresetnad for å kunne utvikle den norske maritime næringa vidare på best mogleg måte.

I vårt framlegg til statsbudsjett for 2021 gjekk vi inn for ein maritim pakke på 2,9 mrd, og hadde med dette den største satsing på maritim næring av alle partia. Eit alternativt statsbudsjett når ein er i opposisjon er ikkje noko verdt i kroner og øyre når vi ikkje får fleirtal for det, men vårt alternative statsbudsjett er eit frampeik – det er ein klar lovnad om at vi skal satse ordentleg på maritim næring viss vi får regjeringsmakt frå hausten av.

Noko av det viktigaste vil vera å innføre ei ordning for å byggje om offshorefartøy til nullutsleppsfartøy. Eit slikt tiltak vil vera bra for miljøet og eit betydeleg bidrag for å ta dei store nybyggingsverfta gjennom bølgjedalen. Vi ønskjer å styrke kondemnerings- og innovasjonslåneordninga og innføre ei vrakpantordning som inkluderer offshorefartøy.

Å satse på å auke verdiskapinga i havbruksnæringa vil vera viktig, og å styrke tiltak for å overføre gods frå veg til sjø. Vi meiner også at det er rett å regionalisere GIEK/Eksportkreditt tilsvarande Innovasjon Norge. Plasseringa av desse institusjonane kan faktisk vera viktig for tilgangen de ulike bedriftene får til finansiering.

Det er nødvendig at staten bidreg til at det blir bygd berre nullutsleppsskip frå 2030. Senterpartiet ønskjer at eit framtidsretta båt- og ferjetilbod i fylka skal koma på plass ved hjelp av statleg finansiering. Dette vil stimulere til at fleire skip blir bygd og samtidig hindre at ferjefylka kjem dårleg ut økonomisk i forhold til andre fylke.

Senterpartiet kjem til å vera ein aktiv pådrivar for betre ordningar også i 2021. Maritim næring og alle som har arbeidet sitt i eller knytt til denne næringa fortener ein målretta politikk slik at næringa kan koma seg gjennom krisetidene og vera budd på større aktivitet i framtida.

Senterpartiet i Møre og Romsdal ved dei fire første listekandidatane til stortingsvalet:

Jenny Klinge, stortingsrepresentant og førstekandidat
Geir Inge Lien, andrekandidat
Per Ivar Lied, tredjekandidat
Ingrid Waagen, fjerdekandidat og ungdomskandidat