En kvinne smiler mot kameraet
Ingrid Kjønnøy

Be om å få skattemeldinga på nynorsk!

No kjem skattemeldinga snart, og fristen for å levere er 30. april. Men har du tenkt etter kva språk som blir nytta i denne meldinga? Ordninga er nemleg slik at om ikkje du ber om noko anna, vil meldinga kome på bokmål. Og ikkje berre det: Dette vil og bli oppfatta som ditt generelle språkval av det offentlege.

Her i Møre og Romsdal har fylkesmållaga hatt ein aksjon i fleire år no for å gjera folk merksame på valet av språk. «Nynorsk skattemelding»!

- Eg håpar mange ber om skattemeldinga si på nynorsk. Det viser styresmaktene at vi er mange som ventar å kunne kommunisere med det offentlege på språket vårt! seier leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofsnes Hauge.

Kva må du så gjera for å endre språket? Er du mellom dei som får skattemeldinga på papir, er der ei eiga rute der du kan krysse av for språkval. Får du skattemeldinga digitalt, og det er nok dei fleste etter kvart, må du logge deg inn på www.norge.no/nn-oppdaterkontaktinformasjon der du ved å trykke på knappen «språk» får opp val mellom bokmål, nynorsk, engelsk eller samisk. Du vel nynorsk og loggar ut. Det er omtrent like lett som å gå inn på nettbanken. Det er ikkje tidsfrist for språkval. Du kan gå inn og endre språk når som helst.

Ekstra viktig er det at ungdom som får skattemelding for første gong, er merksam på dette, slik at dei blir registrert med det språket dei vil ha.

Lykke til!

For Nordmøre Mållag, Ingrid Kjønnøy, leiar

En oransje plakat
Aksjonsplakat
Powered by Labrador CMS