Illustrasjonsfoto.

Nedgang i tap av matjord i 2020

For tredje året på rad så når Møre og Romsdal målsettinga om omdisponering av mindre enn 200 dekar dyrka mark, melder Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I 2020 vart det til saman omdisponert 113 dekar dyrka mark i fylket, det minste tapet av landbruksareal som er registrert i Møre og Romsdal. Det er særs gledeleg at det vert omdisponert mindre matjord enn tidlegare år, seier landbruksdirektør Frank Madsøy hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Gode prioriteringar

Det regionale jordvernmålet, om omdisponering av mindre enn 200 dekar dyrka mark i året, har Fylkestinget vedteke gjennom «Landbruksmelding for Møre og Romsdal 2017-2021». Denne legg tydelege føringar for arealplanlegginga i kommunane i fylket. Kommunane skal ha skryt for at dei tek nasjonale og regionale styringssignal på alvor, og at dei prioriterer at dyrka mark skal brukast til matproduksjon meir enn tidlegare, fortsett Madsøy. Han legg til at det er ekstra gledeleg at vi for første gong når målsettinga sjølv om ein hadde inkludert dyrkbar mark i statistikken. I 2020 vart det omdisponert 74 dekar dyrkbar mark i fylket.

Innskjerping av jordvernmål

Det nasjonale jordvernmålet er på 4000 dekar, og Møre og Romsdal har bidrege sterkt til at målsettinga har vorte nådd nasjonalt i fleire år. Dette er også ein viktig del av FNs berekraftsmål om å utrydde svolt og produsere mat på den jorda vi har, avsluttar landbruksdirektøren.

Det ligg no forslag frå Landbruks- og matdepartementet om ei innskjerping av dagens jordvernmål, frå 4000 dekar til 3000 dekar. Les meir om dette, og om forskjellen mellom omdisponert dyrka mark og nedbygd mark, i vedlagte lenkjer.

Powered by Labrador CMS