Kyrkja i Surnadal:

Tusen hjarteleg takk!

Kyrkja i Surnadal vil seie tusen hjarteleg takk for alle innkomne klede og sko til små og store på kyrkjelydshuset på Skei.

Det kjem mellom 10-15 flyktningar kvar gong, og dei drar heimatt glade og nøgde med varme klede og sko til vinteren.

No har vi dessverre ikkje skapplass til å ta imot meire klede og sko for denne gongen.

Igjen, tusen takk for varme hjarte og omtanke for andre.

Med venleg helsing kyrkja i Surnadal v. diakon Aud Brynhild Indset

Powered by Labrador CMS