Julegudstenester:

Diakon Kirsti Hjørnevik gjer «presteteneste» i Todalen og Åsskard julaftan.

«Det blir jul allikevel»!

Publisert Sist oppdatert

For mange startar den foreståande høgtida med gudstenesta julaftan.

Så viktig er denne at ein vil unngå avlysing - messefall - sjølv om presten har ferie.

Torbjørn Brøske, fungerande sokneprest i Stangvik, Todalen og Åsskard, har fått nokre opparbeidde og vel fortente fridagar denne jula - med høve til å besøkje familie andre stader i landet.

Difor er det frivillige lekfolk som leier gudstenestene i hans kyrkjer.

Hovudliturg i Todalen og Åsskard på julaftan er diakon Kirsti Hjørnevik. Med dyktige medliturgar og songgrupper blir dette messer i tråd med den eigentlege tydinga av ordet liturgi - nemleg «folket i handling». Korsongarar frå P17 deltek - i Åsskard også born frå gruppa «Amigos».

Kateket Odd Erik Stendal er hovudliturg i Stangvik juledag.

Juledag er det kateket Odd Erik Stendahl frå Tingvoll som leier høgtidsgudstenesta i Stangvik kyrkje. Også her trer folk i kyrkjelyden til. Dagens høgtidsvers blir forresten «Julverset» - sunge av Karen Oddny Husby Gravvold til ein melodivariant frå heimegarden Åsbø.

Julverset frå Åsbø, sunge av Karen Oddny Husby Gravvold, blir høgtidsvers. Her under framføring i Stangvik-kyrkja juledag 2018.

Visst vil folk sakne vår kjære Torbjørn prest i teneste denne jula. Men alle unner han nokre fridagar. Og engasjerte «lekfolk i handling» vil på beste vis syte for at det blir kyrkje-jul både i Todalen, Åsskard og Stangvik!

Powered by Labrador CMS