Amigos og Bodil framfører sitt festlege «Gloria» - på kyrkjelydens vegner!

Samhandling i kyrkja

Dei yngste slo an tonen og sette livleg preg på familiegudstenesta i Åsskard-kyrkja søndag.

Publisert Sist oppdatert

«Familie» i dette tilfellet inneber fellesskap av små og store – med forsamling og deltakarar frå 2 til 80 år! Med langt over tjue aktørar vart det tydeleg at ordet «liturgi» inneber dette: Folk i samhandling. Barneforeldra møtte mannjamnt opp og styrka fellesskapet i kyrkja denne gongen.

Trusopplærar Elsa Jensvold var hovudliturg og predikant. Ho og soknerådsleiar Eva Svendsen følgde også opp måndagens kyrkjekveld med å dele ut «Mi Kyrkjebok» til 6-åringane.

Amigos-bandet under øving på salmane «Vær meg nær» og «Kven har skapt». Bodil er kapellmeister.

Ikkje minst fortener Bodil Kvam Aasbø og Normisjons-gruppa Amigos mykje takk. Bodil har i mange år drive dette barnearbeidet med eit oppofrande instruksjonsarbeid av høg kvalitet – med musikk, hobbyarbeid, naturliv og bibelkunnskap.

Ho og gruppa stod for festleg musikk, song, lesing og bibeltablå. Ja – dei hadde med gripande omtanke forma dagens forbøn. Det ferske og unge «Amigos Møljeband» spela endatil attåt salmesongen! Ingen tvil om at gruppa fortente dagens takkoffer!

Saman med klokkar Randi tek konfirmantane Martin og Ole Jørgen ein siste sjekk på dagens oppgåver.

Konfirmantar var som alltid med – denne gong med korsbering, lystenning og tekstlesing.

Evanglieteksten om såmannen og frukta av det sådde Guds ord vart framført som tablå - med Eva Jensvold og klokkar Randi Bøe som lesarar og Amigos-medlemmer som både såmenn og innhaustarar. Og jamen hadde frøet som fall i god jord, gjeve stor vekst!

«Såmennene» Harald og Einar kom tilbake med store plantar – ein rik vokster etter såinga under bibeltablået!

Både inn-og utgang var talande – med aktørane i korsprosesjon. Somme merka at inngangsmusikken var kjenningen til Eurovisjon, hopprenn og Grand Prix på TV: Den er også kyrkjeleg - Ouverturen til eit fransk «Te Deum» (Store Gud, vi lover deg) frå 1600-talet!

Og til tonane av Verdis Triumfmarsj gjekk forsamlinga ut - ikkje til bil og heimfart, men til hyggestund med kaffe, saft og kjeks hos Kari, Eva og Inger Lise i Kyrkjestua!

Og etterpå var det fullsett i kyrkjestua – så ekstra stolar måtte berast inn!
Powered by Labrador CMS