Konfirmantane deltok med lesing og lystenning.

Messe for lyset

Mange av kyrkjene innleia adventstida med lysmesser denne helga – mellom dei Åsskard.

Publisert

At lyset virkar sterkt i den mørke årstida og ber i seg forventningar om det jula inneber, gjer lysmessene til samlingar med særpreg – landet rundt.

Profetiar og lystenning

Mange unge deltok i gudstenesta. Konfirmantane gjekk i prosesjon under opningssalmen og hadde elles fine oppåver med lystenning, bøner og bibeltekster. Sju lesingar frå profetiane om Jesus, med tilsvarande tenning av den sjuarma lysestaken var eit vakkert og talande element.

Lysmessa opna med prosesjon.

Bibel og kyrkjebøker

Cathrine Grutle la opp si presteteneste etter dagens innhald. Sidan 10- og 11-åringane fekk kvar sin bibel i gåve frå kyrkjelyden, vart noko av preika ein presentasjon av alle bøkers bestseljar. Ho viste gamle og nye utgåver - frå ein ærverdig, gullspent familiebibel frå 1879 til barnebiblar og biletbøker.

Cathrine Grutle viste ulike bibelutgåver – som denne frå 1879.

Bibelforteljinga om Sakkeus avrunda andakten - illustrert med både klatring i «morbærtreet» og pantomimesong der alle i kyrkja deltok - meir eller mindre heilhjarta.

Sakkeus-temaet leia direkte over i utdeling av kyrkjebøker til dei yngste i forsamlinga. Alle 4-5-6- og 7-åringar vart bokeigarar!

Munnspel og meir til

Musikk- og songprogrammet var delvis nytt og uvant for mange, men uttrykte dagens preg på ein fin måte. Ronny Kjøsen trakterte både orgel, trekkspel og piano - med fin assistanse av Sondre Ferstad på munnspel.

Sondre Ferstad og Ronny Kjøsen stod for musikken.

Fellesskap med lys og varme

Etterpå var det som alltid kaffe, saft og småbrød å få i Kyrkjestua. Og om heimturen i den vakre adventskvelden gjekk i mange kuldegrader, bar alle med seg inntrykk av mykje lys og eit varmt fellesskap.

Powered by Labrador CMS