Damekoret Credo er gjester på salmekvelden. Her saman med kantor Oddveig Helset Halle (t.v.) ved eit tidlegare høve.

Salmesus i Stangvik kyrkje

Publisert Sist oppdatert

Tysdag kveld blir ei fulltonande og lærerik stund i Stangvik-kyrkja. Publikum, konfirmantar, kor og kyrkjestab opnar salmeboka i full breidde.

«Norsk Salmebok 2013» er truleg landets rikaste samling av poesi og musikk. Dette har inspirert prest og konfirmantlærar Torbjørn Brøske til å dykke djupt i skattkista.

Torbjørn Brøske har utvida konfirmanttimen tysdag til salmekveld for heile prestegjeldet.

- For konfirmantane i Todalen, Åsskard og Stangvik blir dette ein annleis undervisningstime, seier Torbjørn. - Samtidig blir det ein open songkveld for publikum, og vi håpar mange møter opp og stemmer i!

Salmeboka har innhald med skikkeleg sus: Sterke tekster som handlar om alle livets faser og følelsar, frå heilagt alvor til jublande fryd. Musikk som biletleg tala kling i alle toneartar, frå danserytmer til melankoli.

Stangvik-presten har med seg damekoret Credo, leia av Surnadals-kantor Oddveig Helset Halle. Tidlegare korleiar frå Høgskulen i Levanger, Svein Volle, syng kjende «bedehussongar». Både Oddveig Halle og kollega Bernt Bøe gir tonefølgje.

Barytonen Svein Volle syng jubileumssalmen «Navnet Jesus» (100 år) og andre åndelege tonar.

Brøske knyter programmet saman – i rask sjumilsvandring gjennom historisk salmekultur. Emne som «Luther», «Fjerne himmelstrøk», «Folketonar» og «Forvaltaransvaret» fortel om variasjon og heilskap i songvalget.

Bernt Bøe lovar å røpe diktarpresten Petter Dass si spesielle tilknyting til nettopp Stangvika. - Men kva den bestod i, er det dei frammøtte som får vite, seier han …

Men tru kva diktaren bak «Herre Gud, ditt dyre namn og ære» hadde med Stangvika å gjera?

ANNONSE:

Salmekveld i Stangvik kyrkje

Tysdag 14. februar kl 19

Powered by Labrador CMS