Statusoppdatering frå "Lady Arbuthnott":

Ei veke til førpremiere

Publisert

Det er no full aktivitet på det nye «Leikvin Amfi». Det kviskrast «..har du haust..» I kjerr og kratt, og vakre tonar frå «Herre min gud, for ein dal du har skapt» smyg seg rundt hushjørna. Barbara Arbuthnott er tilbake på gamle tufter. Billettsalget går godt, og det er no i skrivande stund berre litt over 100 billettar igjen til ekstraforestillinga som er satt opp midnatt 13/8.

Familiedag og konsert
Det har vore ein formidabel etterspørsel etter billettar, men grunna korona-restriksjonar har vi ikke moglegheit til å selge fleire billettar. For å forsøke å bøte på det, innviteret vi derfor til eit nytt arrangemang:

Lørdag 14/8 inviterer Jazzåteatret og Lady Arbuthnott til storveies familiedag på Leikvin. Da skal vi fylle tunet med aktivitetar fra Barbara Arbuthnott si tid. Det vil sjølvsagt bli salg av mat og drikke. Her nevner vi at Jazzåteateret i år har hatt eit samarbeid med Stein Brubekk, og har utvikla tre lokale matprodukt som vil bli solgt der oppe.

"Ladyens Lakserull»
Produsert med lokal laks, potetlefse og andre produkt fra regionen.

«Gjæta Bein»
Spekemat av gjeit er grunnlaget for denne. Her er også potetlefse og grønnsaker sentrale.

«Kaffe-rullen»
Vi har også utvikla ein lefserull med bl.a. brunost som passar godt til kaffen.

Det blir masser av andre aktivitetar denne dagen. Det vil bli natursti med Lady A-quiz, kåring av den flotteste høna (Lady Arbuthnott var jo som kjent særdeles interessert i hønse-avl). Det vil bli organisering av leikar fra Ladyen si tid og lesestund for borna. I tillegg til mykje meir.

Klokka 15:00 blir det konsert med «Sol i skuggeskog» i det nye "Leikvin Amfi» Dette er ein trio fra Oppdal som har sine røtter i folkemusikken, men som også har teke med musikken inn i vår tid. Dei har befesta seg som ein sterk kulturbærer i midtnoreg, så dette gler vi oss til. Og kor anna plass er dette meir rett enn i det fantastiske nye amfiet, men Vinnufossen bak og Holtstuo i front.

Powered by Labrador CMS