Jordnært – på høgt nivå
Overskrifta siktar til hovudinntrykket etter årets «Tonar i julenatt» i Stangvik kyrkje.
Artistane i TriOpera og Trio No Treble viste musikalsk virtuositet samtidig som dei gjenspegla rotekte kvalitetar frå sine heimemiljø. Slikt skaper nær og varm oppleving av stor kunst.
Det attkjennande folkelege i songar som «Koppången», «Et lys imot mørketida», «Nordnorsk julesalme», «Jul, jul, strålande jul» og «Har du fyr» blir kvar for seg små andaktar - vel å merke når dei er formidla med innleving og musikalitet som på dei to Stangvik-konsertane måndag.
På meir stilisert plan gav «In the bleak midwinter», «Morgen» (R. Strauss) og «Mariae Wiegenlied» sjeleføde av edelt karat. Og det nettopp fordi alle dei unge utøvarane driv gullkanta musikalsk kunst.
Storarta klaverspel
Først ho ved klaveret, som altfor sjeldan blir framheva: Hedda Hansen Berg har teknikk og musikalitet som gjer krevande tonefølgje til noko liksom sjølsagt. Som solist leika ho seg lekkert gjennom «Tre nøtter til Askepott» og utførte Trygve Brøske sin halsbrekkande fantasi over «Julverset» med slikt pianistisk meisterskap at vi nesten mista pusten. Hurra!
Spenstig og samstemt
Trio No Treble (Lars Hølås - bratsj, Eivind Heier, cello og Jostein Brødreskift, bass) skapte varm og fyldig strykarklang med lekker, spenstig og samstemt musisering. Ei aha-oppleving! Hølås og Brødreskift stod bak mange oppfinnsame og velklingande arrangement.
Deira dansande utforming av «Julverset», no med brilliante forsiringar også oppå den allereie utbroderte songversjonen frå Stangvik, gav i Hølås sitt arrangement nye dimensjonar til ein kjær folkemelodi - som altså stadig inspirerer til leik med tonar!
Stryketrioen gledde oss også med velklingande versjonar av «Å kom nå med lovsang», «Mariae Wiegenlied» og «Mitt hjerte alltid vanker» forutan ein artig «Julemedley» og tonefølgje til solistane Maria Moen Nohr og Sigrid Vetleseter Bøe.
Vokalkunst på sølvfat
Desse to serverte juleviser og klassiske perler på sølvfat - mykje som fint avstemte duettar, andre songar solistisk.
Med sin fløyelsklang har Maria ein særleg evne til å formidle det edle og samtidig rotekte jordnære i songar frå sitt nordnorske heimemiljø. Hos henne blir velbruka stoff som «Nordnorsk julesalme» og «Et lys imot mørketida» friske og aktuelle.
Sigrid viste stor innleving i «In the bleak midwinter». Med «Julesong på Grini», laga av to nordmøringar i krigsfangenskap jula 1944, gav ho eit gripande tilbakeblikk på julefeiring i ei anna krisetid enn koronaåret 2020.
Som allsong kom uslitelege «Deilig er jorden». Sjøl i krisetider, da slett ikkje alt er «deilig» på vår vide jord, må det vera eit trassig håp i denne teksten som gjer at vi syng den med større innleving enn nokon gong.
Kanskje var det ekstranummeret «O helga natt» som krona programmet med størst glans. Etter ei mektig framføring med alle seks artistane i toppslag, er det freistande å sitere ei dame ved utgangen: - Dette overgår jo Jussi Bjørling!