Vellykka utstilling på Galleri Bondehuset

Fredag 30.juli var det opning av kunstutstillinga Opera Visuelle på Galleri Bondehuset i Stangvik. Navnet har den fått i samanheng med operaveka, og operakonserten i Bondehuset etter vernissagen. Dei tre utstillarane var Anne Grete Kvendset, Berit Anne Botten Røkkum og Rannveig Brøske.

Brit Dyrnes opna utstillinga og var svært glad for å opne Galleri Bondehuset, og meinte det var flott at 3 damer frå Stangvik vart dei første utstillarane. I tillegg var det musikalske innslag med songar og pianist frå Sommarakademiet i Stangvik.

Brit Dyrnes har hengt opp utstillinga og fått til ei luftig og fin utstilling, der forskjellige uttrykk og teknikk var representerte; både foto, og bilde i olje og akryl.

60-70 personar var innom utstillinga på opningsdagen, og fleire av bilda fekk ein raud prikk ved sida si. Dette vart ei vellykka utstilling på mange måtar. Utstillinga heng til neste søndag.

Powered by Labrador CMS