Blogg frå Bøe:

Premieredag!

I går var det ein skikkeleg kjedeleg onsdag. Og slike kjedelege dagar er heilt nødvendige for å orke dei andre dagane som er det stikk motsatte. Som f.eks. dagen i dag som er premieredag.

Eg fikk «notes» frå vår assisterande dirigent frå tysdagens generalprøve, så eg vart sittande med notane i går kveld og sjekke at eg syng reine vokalar, at punkteringane er stramme nok, at alle italienske t- og d-konsonantar ikkje er aspirerte osv. Stort sett småtteri, men viktig for å skape eit heilheitleg god forestilling.

No er eg klar til å gå inn på operaen gjennom sceneinngangen for å levere premierepresangar og bli sminka.
I dag kom det leveranse frå nettapoteket med alt av virus-bekjempande midler. Kanskje placebo, men det spelar nesten ingen rolle. Som sjølvstendig næringsdrivande kjem det ingen pengar inn dersom ein blir sjuk og ikkje kan gjennomføre jobben sin, i mitt tilfelle: synge forestilling.
Frå applausen: det vart ein herleg premieredag. Tusen takk til alle som kom. Og tusen takk til Stephen Svanholm som tok bildet.

Men no er det torsdag og premieredag! Som vanleg rutine på forestillingsdag har eg trena, verma opp stemma og gjort mine daglege mentaltreningar. Ein må trene hovudet minst like mykje som kroppen og stemmebanda i denne bransjen. Det er ein sær sport å skulle blottlegge seg for fullsatt sal, så her gjeld det å lage dei beste forutsetningane for seg sjølv.

Og no er premieren over!

Og det gikk så bra, så. Dermed er det no duka for kontordag i morgon med møter og planlegging av framtidige prosjekt.

Puss & kram, vi ses på stan!

Sigrid

Powered by Labrador CMS