Blogg frå Bøe

Oppdatering

Halloen, alle!

Beklagar at det har vore litt stilt frå denne fronten nokre dagar. Det har rett og slett å gjera med at det ikkje har skjedd så mykje å skrive heim om. Etter premieren på torsdag hadde eg ein fredag full av kontorarbeid og ein liten svipp innom NRK Møre og Romsdal (intervjuet ligg her på klokkeslettet 15:30, om de ikkje har noko betre å finne på: https://radio.nrk.no/direkte/p1_more_romsdal?utm_source=nrkradio&utm_medium=delelenke-ios&utm_content=live:p1_more_romsdal)

I helga var det ny forestilling av «La bohème» der eg både ramla av ein stol og kasta ned eit glas saft i sufflør-luka på scena. Etterpå var det sosial sammenkomst heime hos dirigenten Tobias Ringborg for heile laget, både songarar, assisterande dirigentar, italiensk-coachar, sufflører og orkestermusikarar. Det vart sjølvsagt allsong og høg tinnitus-faktor på «O helga natt».

På juleavslutninga på operaen heldt stemmeforskaren Johan Sundberg forelesing.
Finaste maskøren Bettina kjem ned til garderoben min for å fikse fjeset etter ei svett 2. akt i «La bohème».
Medan eg syng meg opp i øvingsromma på operaen, kan vi sjå teknikarane som byggjer scena på TV-skjermen.

I dag, måndag, har det vore juleavslutning på operaen med tilhøyrande svensk «julbord» og forelesing om stemmefysiologi for alle songarne som jobbar på huset. Det er artig med oss songarar - vi blir aldri utlærte. Vi syng på så godt vi kan, også øvar vi mellom slaga for å bli betre. På øvedagar er målet perfeksjon, men på forestillings-/konsertdag er vi gode nok. Da er nødvendig å kjenne sjølvtillit og aksept for at ting skjer i kampens heite. Også får ein jobbe med det før og etter.

Etter jobbavslutninga var eg i møte med min nye, svenske rekneskapsførar og etterpå på songtime med læraren min her i byen. I morgon ventar det ny forestilling av «La bohème» før vi tek juleferie fram til 26. desember, når neste forestilling skal spelast.

Safranskringle på revisormøte. Nam!
Powered by Labrador CMS