Blogg frå Bøe

Hurra, måndag!

I dag var eg tilbake på jobb. Vi hadde siste prøve på «La bohème» før vi skal ha generalprøve med publikum i salen i morgon. Nokre av oss i solistensemblet har blitt forkjølte, så det er ekstra spennande når ein skal synge forestilling med stemmeband som ein ikkje riktig kjenner igjen. Men det kjem nok til å gå bra!

Her er rekvisittkassen nede i underetasjen. Her ligg scene-veska mi, muffen som den døyande Mimi skal få ha rundt hendene sine, litt pengar og eit par falske sigarar.
Nede i underetasjen kan ein sjå opp til scena der den fenomenale Magdalena Risberg ligg i senga og spelar Mimi som snart døyr av tuberkolose.
Selfie med gutta i underetasjen: Medan vi ventar på neste entré sørger vi for å ta ein selfie til Trollheimsporten. F.v.: Mikael Horned, Lennart Forsén, undertegnede og Jens Persson-Hertzmann.
Og så glade som dette er vi etter vi har fått «notes» av regissøren i solistfoajeen. F.v.: Sigrid, Magdalena Risberg, Bror Magnus Tødenes og Mikael Horned.

No blir det roleg frikveld der eg stort sett skal halde kjeft for å spare krefter til i morgon kveld. Og eg skal sikkert eta havrekjeks til både middag og kveldsmat.

Puss & kram, vi ses på stan!

Sigrid

Powered by Labrador CMS