Blogg frå Bøe

Maskøren Bettina Zimmermann ordnar både sminke og hår før kvar forestilling.

Generalprøvedag i Stockholm

I dag er det både Lucia-dagen og generalprøve-dagen. Eg starta morgonen med min nye tradisjon, «Lucia-morgon» på SVT (veldig koseleg ungdomskonsert med Lucia-tema for dei som ønsker å sjå det i etterkant, den ligg på nettet.) Etter det fekk eg oppleva dotter mi sitt Lucia-tog i barnehagen. Veldig koseleg oppladning til kveldens generalprøve på «La bohème».

Morgonkaffen med Lucia-konsert vart ei storveies opplading til generalprøve.

Generalprøven i kveld var også vår første gjennomkøyring med både kostyme, sminke og orkester samtidig, så det var mykje som kunne gå åt skogen. Men det meste gikk fint, om vi ser bort frå jakken som sette seg fast i parykken, kjolen som sklei av på veg ut av 2. akt og slike andre små detaljar.

No blir det godt med ein fridag i morgon før det blir premiere på torsdag.

Puss & kram, vi ses på stan!

Sigrid

Powered by Labrador CMS