Blogg frå Bøe

Frihelg og julebakst

God morgon!

Eg har hatt frihelg! Det var ei stund sia. Og det var veldig herleg. På laurdag var eg i Kungliga Tekniska Högskolans Reaktorhall, der Sveriges aller første kjernereaktor stod. Der var eg for å sjå på mine gode venner som spelar opera der nede, «The Tale of the Great Computing Machine», 25 meter under bakken.

Slik ser det ut nede i reaktorhallen. Kvar kvadratmeter i taket er oppmerka for at dei skulle kunne måle radioaktiviteten der oppe i lang tid etterpå.
Mezzosopran Linnea Andreassen og sopran Elisabet Einarsdóttir var fantastiske solistar.

Søndag vart den store bakedagen heime hos oss i bydelen Råcksta i Stockholm. Det var tid for å både steike surdeigsbrød, samt å bake verdens beste havrekjeks (takk for oppskrift, Borghild Talgø!) og årets porsjon lussekatter.

Ha ei fortreffeleg veke!

Puss & kram, vi ses på stan!

Sigrid

Powered by Labrador CMS