Blogg frå Bøe

9. desember

Dagsrapport frå Malmö!

I dag vakna eg i Malmö. I går kveld tok eg nemleg nattoget nedover frå Stockholm etter forestilling for å gjera ein audition på Malmö Opera.

Stockholm Centralstation har pynta seg ekstra til advent.

I Malmö prøvesong eg til ein drømmerolle i ein opera dei skal gjera hausten 2024. Og sjølvsagt var alle dei beste sopranane i Skandinavia der òg. Meir enn nervepirrande nok. Heldigvis er det også ei veldig triveleg mulegheit til å treffe på gamle kjente frå bransjen og frå tida eg jobba på Malmö opera i fjor haust.

Her fikk eg drikke kaffe i kantina med Sibylle Glostedt og Frederikke Kampmann, to danske, fantastiske sopranar. Heldigvis for meg prøvesong dei for ein annan rolle.

Det var ikkje mykje stemme att på meg i dag etter å ha sunge i alt for mange timar i går, så da er det ekstra nervøst å skulle stille opp og prøve å imponere ein jury som allerede har høyrt den samme låta 10-15 gonger i dag. Menmen, den som inter våger, intet vinner. Ingen hugsar ein feiging osv.

Etter at auditionen var ferdig, tok eg toget over til København for å drikke kaffe og eta æbleskiver (dansk julebakst) med min gamle songpedagog før eg reiste tilbake til Malmö og Sturup flygplats for å rekke flyet heimatt til Stockholm.

Flyet er dog forseinka, batteriet på telefonen er mesta flatt og laddaren er i den innsjekka bagasjen. Ønsk meg lykke til!

Puss & kram, vi ses på stan!

Sigrid

Powered by Labrador CMS