Blogg frå Bøe

8. desember

Goddagen!

I går, 8. desember, vart det ein full operadag på undertegnede. Etter ein kopp kaffe i kantina bar det rett til sminke før gjennomgang av «La bohème» frå kl. 10-14:30. Deretter vart det ein kort pause før det var på tide å sette seg i sminke igjen, denne gongen for å bli 1. dame i sesongens siste forestilling av «Trollflöjten» til kvelds.

I begge operaane er eg så heldig å få jobbe med to stjernelag av solistar som attpåtil er svært hyggelege folk. Slikt er ikkje sjølsagt i ein bransje der det er mange om beinet.

Her er «Tre damer» i Ole Anders Tandbergs regi på «Trollflöjten». F.v.: mezzosopran Karolina Blixt (2. dame), kontraalt Kristina Martling (3. dame) og meg som 1. dame.

(Bildetekst: )

Tidlegare på dagen jobba vi scenisk og musikalsk med 3. og 4. akta i «La bohème». Operaens eige orkester, Kungliga Hovkapellet, spelar. Og det er mildt sagt imponerande. Slik ser det ut frå sidescena når eg snik meg til med mobilen for å knipse litt. Den store balkongen midt på biletet er den såkalla «Kungalogen», der kun den svenske kongefamilien har tilgang. Balkongen er oftast tom, men tidvis dukkar dei opp for å få med seg eit og anna på Sveriges nasjonalscene.

Etter både orkesterprøve og forestilling var over, pakka eg ihop sakene mine og sette nasen mot Stockholms Centralstation og nattoget til Malmö. Der ventar audition på Malmö opera i morgon!

Tallast!

Puss & kram
Vi ses på stan!

Sigrid

Powered by Labrador CMS