ANNONSE:

Linedance og lag i Korsen grendehus

Laurdag 26.mars kl. 12.00-15.00 skal vi ha det frykteleg artig på minikurs i linedance i Korsen grendehus. Vi er så heldige å ha med proff instruktør, Anne Dordi Mogstad, med sterke røter på Honnstad.

Kurset er gratis og uhøgtideleg lågterskeltilbud. Det viktigaste er å ha det artig ilag etter lang tid utan sosiale treffpunkt for mange. Opplegget krev ingen danseferdigheiter frå før, berre ønske om å røre på seg og ta litt etter instruktøren. Pause og prat undervegs.

Bli også med på mat og sosialt lag i grendehuset om kvelden frå kl. 19.30 - for alle som vil, enten de er med på kurs først eller ikkje. Servering: Kjempegod svinekjøttgryte frå Hammerstuene, kr 270 pr person. Påmelding innan 21. mars, enten via Facebook-sida til Korsen grendahus eller til Dordi Kjersti Mogstad tlf. 93 04 30 10 eller Gunn Elin S. Lesund tlf. 90 09 31 98

Vi oppfordrar alle som vil oppleve god stemning i Korsen grendehus til å melde seg på - enten du bur i kretsen, har budd her, eller berre har sansen for det vi driv med her i grenda. Ingen cowboyhatt? No problem - bli med!

————————————————————

Powered by Labrador CMS