Surnadal kommune melder:

Surnadal kommunevåpen

Sommarvaksinering og ferieplanlegging

Her kjem siste nytt om sommarvaksineringa og kva du kan gjere dersom timen din ikkje passar.

For dei fleste av oss ute i distrikta er ferieplanlegginga prega av når vi kan forvente å få første dose med koronavaksine.

Vaksineleveransene som er estimert for Surnadal kommune i vekene 28-33 gir oss mulegheit til å lage vaksineringsscenario med oversikt over dei vekene ulike aldersgrupper kan forvente å få tilbod om dose 1. Dette er basert på antal personar i kvar aldersgruppe og antal vaksiner vi får. Vaksineringsscenario for Surnadal finn du på våre nettsider. Per no ser det slik ut:

  • Mesteparten av juli vil gå med til å gi tilbod om dose 1 til personar i vaksinasjonsgruppe 9 (45 – 54 år). Grunnen til dette er at vi får færre vaksiner enn tidligare førespegla, og at vi den eine av vekene i juli kun kan vaksinere personar som skal ha dose 2.
  • Estimert oppstart av gruppe 10 er veke 30. Her vil vi kalle inn parallelt dei som er mellom 44-40 år og 18-24 år, eldst og yngst samtidig.
  • Gruppe 11 (25-39 år) er siste vaksinasjonsgruppe og vil få tilbod om time frå veke 32.

    -Det er positivt at vi blir kontakta for at de skal kunne planlegge vaksineringsdag opp mot planlagt ferie, seier vaksinekoordinator Gunn Heidi Ansnes. Dessverre kan vi ikkje fastslå på førehand nøyaktig dato for vaksinering av enkeltpersonar.

    Dette gjer du når får SMS-innkalling og dersom tildelt time som ikkje passar:

    Innkalling og bestilling:Når det er din tur i køen får du ein SMS frå c19 der det står følgande: Du er prioritert for koronavaksinasjon: Logg inn på https://c19.no/vaksine for å bestille time så raskt som mulig. For hjelp til bestilling ring 91379001.

    Når du loggar inn på c19 og bestiller time får du tildelt første ledige time. Som hovudregel får du time på ein fredag 1-2 veker fram i tid. Timane er reservert for booking i to virkedagar frå utsending. Etter dette går timane til innkalling vidare på lista. Du vil ikkje miste retten til å booke timen, men du kan forsinke timen din med 1-2 veker om du loggar deg inn og bookar seinare.

    Endring og avbestilling:
    Dersom datoen du får ikkje passar, kan du trygt logge inn og avbestille, men hugs samtidig å legge inn dato for når du tidlegast kan få ny time. Du vil få ny SMS frå c19 når den nye timen din er klar til booking. Når du avbestiller på denne måten gir du din plass i køen til nokon andre, men du blir likevel kalla inn til første ledige time jf. datoen du har vald. Du kjem ikkje bakerst i køen!

    Til deg som er vaksinert i utlandet
    Ta kontakt med Vaksinetelefonen 913 79 001 for avklaring og registrering av gjennomført vaksinering i utlandet.

    Vaksinering og beskyttelse
    Vaksinering har vist seg å gi bra beskyttelse allereie 2-3 veker etter første dose. - Beskyttelsen etter første dose mot den nyoppståtte virusvarianten Delta, opprinneleg frå India, er svak, og dette viruset er i frammarsj. Beskyttelsen er god etter to doser. Difor må gode smittevernrutiner vidareførast inntil samfunnet er gjennomvaksinert med to doser, seier kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal.

Powered by Labrador CMS