Koronainformasjon frå kommuneleiinga i Surnadal:

Vi er midt i smittebølgen, men har god beredskap for å trygge kvardagen

Dette skriv kommunen på sine heimesider.

Som i mange andre kommunar, vassar vi litt i korona om dagen. I følgje våre eigne tal måndag morgon har vi til saman 158 registrerte smittetilfelle i løpet av dei siste to vekene. Så langt vi kjenner til er det heldigvis ingen i kommunen som er alvorleg sjuke av korona, men mange har symptom som liknar ein forkjølelse eller influensa. Enkelte har også vorte smitta to gonger.

Med endra TISK-strategi med fokus på sjøvtesting, sjølvrapportering og varsling av eigne nærkontaktar, er ikkje lenger antal smitta den mest pålitelege og viktigaste indikatoren. Det viktigaste å følgje med på framover er utviklinga i sjukefråværet og antal sjukehusinnleggelsar.

Surnadal kommune er rimeleg godt skodd i møte med smittebølgen og har gode beredskapsplanar for iverksetting av tiltak dersom dette blir nødvendig for å sikre levering av lovpålagte tenester. Det kan for eksempel vere overgang til gult nivå eller ekstra smitteverntiltak som tryggar tilsette og tenestemottakarar ved sjukeheimen og i helse- og omsorgstenesta.

Vi har ein klar ambisjon om at barn og unge skal ha ein så normal kvardag som muleg gjennom smittebølgen. Dei siste par vekene har smittetrykket vore størst på ungdomstrinnet og særleg 10. trinn ved Surnadal barne- og ungdomsskule. Fleire elevar og tilsette er no på veg tilbake til skulen etter isolasjon, medan nye blir smitta. Vi har likevel eit godt håp om at vi skal rekke å ta igjen tapt undervisning, med særleg fokus på avgangselevane.

Vi har til no hatt relativt lite smitte i barnehagar og på barnetrinnet. Det kan vere stille før stormen. Får vi mykje smitte i barnehagane vil smitten bre seg i husstanden og berøre mange tilsette i kommunale tenester og elles i arbeidslivet. Med lettelsar i dei nasjonale restriksjonane må vi i tillegg rekne med få smitteauke med vanlege virusinfeksjonar, noko som gjer at enno fleire får sjukefråvær grunna omsorg for små barn eller eigen sjukdom. Vi minner difor om at det er viktigare enn nokon gong å ikkje sende barn med symptom for raskt tilbake til skulen eller barnehagen.

Sjølv om vi alle gjer så godt vi kan, må vi førebu oss på at det kan komme raske endringar på kort varsel. Det kan bety litt dårlegare service, men forsvarleg drift i ein kortare periode.

Vinterferien kjem i veke 8. Folk må gjerne ta eit vel fortent avbrekk frå kvardagen og besøke slekt og venner. Smittetrykket er høgt overalt, så det spelar liten rolle kor ein befinn seg.

Det viktigaste kvar enkelt kan gjere i vekene inntil smittetoppen er nådd, er å teste seg og vere heime dersom ein er sjuk. Det er varsla ny vurdering av nasjonale tiltak om kort tid. Surnadal kommune følgjer nasjonalt tiltaksnivå så langt det er forsvarleg.

Med vennleg helsing

Kommuneleiinga og kommuneoverlegen i Surnadal kommune.

Powered by Labrador CMS