Surnadal kommune melder:

Smittesituasjonen i kommunen og utbrotet ved sjukeheimen

Smittetrykket i kommunen har i fleire veker vore høgt. I helga informerte Surnadal sjukeheim om smitteutbrot hos pasientar og tilsette. Måndag 21. mars er det til no påvist smitte hos 10 pasientar og hos langt fleire tilsette ved Surnadal sjukeheim.

Så langt er det ingen som er alvorleg sjuke, men situasjonen er krevjande for alle som er berørte. Leiinga og tilsette ved sjukeheimen gjer alt dei kan for å handtere og stanse utbrotet.

Sjukeheimen presierer at det er ikkje stengd for besøkande.

Det er innført forsterka smittevernrutiner, mellom anna er det innført munnbindpåbod, og dørene er i ein periode stengde, men blir opna når nokon kjem på besøk.

Pårørande til smitta pasientar er kontakta av sjukeheimen.

Utover smitteutbrotet ved sjukeheimen, er det framleis få registrerte smittetilfelle over 60 år i kommunen. Smitten aukar no mest hos barnehagebarn og deira foreldre, medan smitten i aldersgruppa 12 - 18 år er stabil. Skulane har vinterferieveke, og enkelte oppveksteiningar vil snart ha passert bølgetoppen medan andre vil få sin etter vinterferien. Smitten går litt i bolkar frå eining til eining.

Antal personar som melder kommunen om positiv hurtigtest varierar mellom 20 - 50 dagleg. At folk er flinke til å registrere positiv hurtigtest på heimesida til kommunen er til stor hjelp når vi skal berekne doseintervall for koronavaksinering etter gjennomgått infeksjon. Talgrunnlaget gir oss også viktig kunnskap om korleis smitten utviklar seg i ulike aldersgrupper i kommunen under ei smittebølge utan nasjonale tiltak. Dette kan vi dra nyttig lærdom av ved eventuelle framtidige smittebølger.

Henta frå kommunen sine heimesider.

Powered by Labrador CMS