Førjulskonsert i Øvre Rindal kapell

Oversikt mot koret fra inngangsdøra i kapellet.
Mykje folk på førjulskonsert i kapellet.

Jakta på julestemninga

Første dagen i julemånaden inviterte Kor Gøttj til førjulskonsert i Øvre Rindal kapell. Mange hadde funne vegen til kapellet for å få ein forsmak på julestemninga. Det var også temaet hos Berit Moan Møkkelgård som delte eigne tankar om julestemning mellom songane til Kor Gøttj.

Publisert

Under konserten veksla Kor Gøttj mellom a capella og song med pianofølgje av dirigenten, Dagrun Løset, og fleire frå koret stod fram som solistar.

Bettina Røen Helgetun son solo i lag med koret.
Bettina Røen Helgetun song solo i lag med koret først i konserten.

Bettina Røen Helgetun hadde solo på opningsnummeret, Anne Grete Prøis sin Når hele himlen faller ned.

Konserten fortsatte med et breitt utvalg av songar frå DDE sin Stjernesludd og Hanne Krogh via Astrid S og Carola til White Christmas og When You Wish Upon A Star frå først på 1940-talet!

Mayla Nordlund hadde solo i Astrid S sin Når snøen smelter fra Tre nøtter til Askepott. Det var eit av høgdepunkta i konserten, levande og sart framført.

Denne songen kan vi forresten få høre originalversjonen av på utekino ved Igltjønna 13. desember.

På sangen  Nå kommer jula hit  var det Marianne Bolme som var solist.

Songkoret Kor Gøttj.
Songkoret Kor Gøttj.

Kor Gøttj har berre tre karar, men dei laga solid botn i koret der dei stod bakerst, men over alle damene.

Koret med Berit Moan Møkkelgård
Berit Moan Møkkelgård delte tankar om julestemning mellom nokre av korinnslaga.

Berit var framme med sine tankar og spekuleringar om julestemninga mellom korinnslaga. Kvar har det vorte av julestemninga ho hugsa frå barndommen? Det kom fram at ho er mykje i bil, frå Lomunddalen og nedover bygda. Da kunne nye julesongar dukke opp, men også gamle, kjente. 

Mitt hjerte alltid vanker var med å lede henne fram til at det var ein samanheng mellom gammel og ny julestemning, og gammel (den unge) Berit og den nye (dagens) Berit.

Koret i kordøra i kapellet.
Kor Gøttj skaper julestemning.

Berit fann julestemninga, og hadde vi ikkje funne den før i konserten, så fekk vi den i alle fall under avslutningsnummeret Julen er her  som  Tommy Körberg og Sissel Kyrkjebø gjorde kjent alt i 1989.

Avslutningsnummeret med Bjørn Børset som solist.
Bjørn Børset var solist i avslutningsnummeret Julen er her!
Powered by Labrador CMS