Vårsøghelga 2023

Antonsen foran koret
Ole Edvard Antonsen foran Kammerkoret Aurum.

Velkommen, salig Pinsedag

Kyrkjekonserten under Vårsøghelga opna med Dialog, ein dialog mellom trompet og kyrkjeorgel, spørsmål og svar, som enda i fin harmoni. Ekstranummeret var Velkomen salig Pinsedag, ein nykomposisjon for kyrkjeorgel, keyboard, trompet og kor av Henning Sommero, dialog igjen!

Publisert Sist oppdatert
With Aasgård ve orgelet
Erling With Aasgård ved orgelet i Stangvik kyrkje
Antonsen med mikrofon leder første del av konserten fra galleriet
Ole Edvard Antonsen leda første avdeling frå galleriet

Heilaganden løsna "tungebandet" og toneveldet fylte Stangvik-katedralen! Da hadde ei heilt fullsett Stangvik kyrkje vore overstrøyma av tonar frå galleri til kyrkjeskip nære på to timar!

Velkomsten var original, Ole Edvard Antonsen tok den frå galleriet etter at Erling With Asgård og han hadde framført Dialog av Lubos Fiser. Vidare annonsering av første avdelinga av konserten tok han også frå galleriet.

- Så fint å se dere, sa han da han seinere kom ned for å spele i lag med koret Aurum.

kammerkor og dirigent
Kammerkoret Aurum med dirigent Eva Holm Foosnæs

I andre avdeling var det Kammerkoret Aurum frå Trondheim med dirigent Eva Holm Foosnæs som var i sentrum. Dei fekk stormande applaus for opningsnummeret sitt, Prelude fra Holberg suite.

Dirigenten innrømte at ho var særleg glad i Edvard Grieg. Derfor hadde ho som eit prosjekt arrangert 10 songar av Grieg for koret sitt. Vi fekk høre Solveigs sang med solist, og Morgenstemning.

Her har vi eit kor som er godt skolert og samkjørt. Det var ikkje enkle beintfram arrangement vi fekk høre. Stemmene veksla på melodiføringa, og samklangen var framifrå.

Næss ved keyboardet og Antonsen med trompet
Petter-Anthon Næss akkompagnerte Ole Edvard Antonsen på keyboard

I siste avdeling var ved Ole Edvard Antonsen som hadde med seg Petter-Anthon Næss på keyboard, og etter kvart Kammerkoret Aurum.

Aasgård og Antonsen i galleriet
Aasgård og Antonsen i galleriet

Antonsen var ein framifrå konferansier og presenterte programmet i lag med historier om bakgrunn for innslaga.

Om melodien Nightsong fotalte han at den vart til ute i gatene ei natt i New York, før søppelkjørarane begynte arbeidet. Ein laus og ledig melodi.

Han annonserte så at han skulle framføre H. Bellstedts Napoli:
- Der er første tema rimelig raskt, andre tema er enda raskere, og tredje tema er hysterisk raskt!

Det stemte!

Rart at det går an å spele så mange tonar på så kort tid!

Mario, førstefødte sonen, har fått sin eigen melodi, Mario. Den oppstod klokka fire om morgonen i lag med sonen som ikkje ville sove. Det vart ein nymotens låt med lydbilde av barneleik frå keyboardet og fantasifulle blås-lydar frå Antonsen.

Antonsen foran koret
Ole Edvard Antonsen foran Kammerkoret Aurum.

Aurum kom med i ein syklus på tre melodiar, først Antonsens eigen Landscapes som gleid over i Nils Ferlins Men jag går över Ängarna og Frode Alnæs sin Vitae Lux.

Landskap og enger smaug saman til vi såg det for oss! Så glidande overgang til Vitae Lux med kor, Antonsen og fyldig orgellyd - lang, fyldig applaus frå publikum!

Siste nummer på programmet var Vidda. Bakgrunnen for denne komposisjonen var Ole Edvard Antonsens drøm om å fly F-16. Den vart oppfylt fot 20 år sidan, frå baksetet. Han innrømmer at han er godt over gjennomsnittet interessert i fly.

Han var i Bodø ein dag i mai. Strålande ver dagen før flyginga, strålande ver dagen etter flyginga, tett, lågt skydekke dagen for flyginga i Nordland. Det vart flytur over Finnmarksvidda i "low level"! Vidda baud på flymusikk, signallydar - ei stor lydoppleving, og det var sikkert flyturen også!

Etter ståande applaus frå det fulltallige publikummet fekk vi så Pinsenummeret til Henning Sommerro som er omtala innleiingsvis.

Anders Larsen takka Kammerkoret Aurum ve dirigent Eva Holm Foosnæs foran koret
Anders Larsen takka Kammerkoret Aurum ved dirigent Eva Holm Foosnæs
Fullsett Stangvik kyrkje
Fullsett Stangvik kyrkje
Fullsatt Stangvik kyrkje, bilde av fulle kyrkjebenker
Powered by Labrador CMS