Hipp hurra, sa Bartimeus
6-åringane i Rindal hadde vore samla ein dag tidlegare i veka, og da hadde dei høyrt om blinde Bartimeus som fekk att synet. Dei visste kva han sa, og no var dei klare for å få 6-årsboka under gudstenesta i Rindal kirke.
Gudstenesta opna med at barnekor og 6-åringar kom inn med roser til alteret medan kyrkjelyden song No livnar det i lundar.
Etter ei bønn for Ukraina, las dagens medhjelpar, Arnhild Foseide Fagerholt, teksta om den barmhjertige samaritanen.
Trusopplæringsledar Elsa Jensvold dramatiserte teksta på flanellografen i lag med barna. Dei hadde i alle fall høyrt om Jesus, for kvar gong Elsa viste fram ein ny person, kom det forslag på Jesus!
Inger Bolme og Arnhild Foseide Fagerholt frå soknerådet delte ut 6-årsboka til ivrige 6-åringane.
Barnekoret, leda av Ronny Kjøsen og Elsa, hadde fleire friske innslag under gudstenesta.
- Oss blir så glad tå å sjå dokk, sa Arnhild Foseide Fagerholt da ho takka dei.
Gudstenesta vart avslutta med denne salmen som passar godt å referere no, med ekstra vekt på siste verset!
Jeg folder mine hender små i takk og bønn til deg.
La alle barn i verden få det like godt som jeg.
Vern alle med din sterke hand mot fattigdom og død.
Og hjelp små barn i alle land så ingen lider nød.
La ingen krig og sult og sott få gjøre oss fortred.
La alle leve trygt og godt i frihet og i fred.
(Torbjørn Egner)