Anders Larsen, Aleksander Nohr, søstera Maria Nohr og Tonje Eero Hove under salmen «Upp, gledjest alle». I tillegg deltok pianistane Hedda Hansen Berg og Martin Pihl Strand på konserten.

Velklingande juleprogram i Stangvik

Julekonsertsesongen er i gang for fullt. Det er berre å fråtse i fine opplevingar.

Publisert

Som i Stangvik fredag. Eit litt krympa TriOpera (Hedda Hansen Berg og Maria Nohr), supplert av songarane Tonje Eero Hove og Aleksander Nohr pluss fiolinist Anders Larsen og klavertalentet Martin Pihl Strand, serverte ein lødig og velklingande julemeny.

Det innhaldsrike programmet gav rom for oppleving av kjent og ny julemusikk i fin blanding.

Opninga med mjuke folketonar frå Finnmark og Stangvik skapte forventning om eit juleprogram til vakker ettertanke - som det også vart.

Oppvaksne i Nord-Norge var songsolistane fine ambassadørar for landsdelens gode bidrag til julemusikken. Via tonesitat frå 1300-talet i «Josefs julevise» knyter Halvdan Sivertsen det kjente og nære saman med det tidlause. «Den store stjerna» og «Nordnorsk julesalme» av Trygve Hoff har gjeve jula ein nordnorsk fargetone.

Høgtida sitt særpreg var godt ivaretatt i reflektive deler av programmet. Aleksander Nohr gav ei sterk tolking av «Julvisa» (Sibelius; tekst Topelius) med ønske om eit djupare innhald enn «glans og prakt». Arien «Schliesse, mein Herze» frå Bachs Juleoratorium er ei særleg andektig (og vakker) påminning om å ta Jesus («julens under») inn i hjertet. Inderleg sunge av Maria, med delikat fiolinfølgje av Anders. (Einaste innvending her måtte gjelde klangbalansen, fiolinen let i sterkaste laget mot songstemmen.)

Hedda Hansen Berg ved klaveret var ein sann fryd - som alltid. Denne kvelden fekk vi også oppleva det unge talentet Martin Pihl Strand, som pianolærar Linda Torvik må vera stolt av! Etter Wesseltofts fantasi over «Det hev ei rosa sprunge» imponerte Martin med stødig og smakfullt tonefølgje til Maria Nohr i «Selmas song». Deretter briljerte han og Hedda overdådig i den 4-hendige mixen «Carol of the Bells» - for øvrig med ukrainske tonegangar.

Utøvarane leverte i det heile fine inntrykk - Tonje med varme og fylde, Maria med smidig eleganse, Aleksander med stor barytonklang. Anders med fela er alltid ei oppleving. Blant anna gav han (saman med Hedda) ei nydeleg utforming av Kim Andre Arnesens «Reflection». Kven sa at samtidsmusikk ikkje kan vera vakker?

Etter alltid virkningsfulle «Deilig er jorden» (allsong med Øhrwalls flotte diskant oppå) måtte det ekstranummer til. Og ein kan mistenke aktørane for å gjømme desserten til slutt: «O helga natt» vart ei storarta avslutning på ein konsertkveld med rett stemning og, ikkje minst, godt innhald!

Powered by Labrador CMS