Anne Marit Løfaldli og Brekke Solan

Debutantpris til Anne Marit Løfaldli

Publisert

Under hingstutstillinga i Nordfjordeid delte Norges Fjordhestlag ut debutantpris til fire utstillarar som viser hingst for første gong. Rindalingen Anne Marit Løfaldli (24) frå Indre Nordmør Fjordhestlag var ein av desse fire.

Norges Fjordhestlag skriv:

Alle skal vi byrje ein plass, og skal ein verte god til å vise hingst må ein trå over den terskelen det er å vise sin første hingst. I år var det mange som viste hingst for første gong, og også mange som viste hingst på utvida bruksprøver for første gong. Norges Fjordhestlag ynskjer å heidre desse utstillarane, og har plukka ut fire debutantar som får ein pengepremie på 10 000 kroner sponsa av Fjording kremlikør.

Anne Marit Løfaldli stilte hingsten Brekke Solan på Nordfjordeid i år. Han vart stilt i klassa for UB-hingstar 5 år og eldre.

Vi gratulerer!

Powered by Labrador CMS