Annonse
Årstreff og gudsteneste
Etter gudstenesta i Åsskard komande søndag
er kyrkjekaffen utvida til årstreff med middag og blikk på «hendt og hender» i
soknet.
Kyrkjelydsårsmøtet er ikkje obligatorisk lenger. Men mange sokn har likevel eit årleg treff som fokuserer på det kyrkjelege fellesskapet og arbeidet i året som gjekk. Slike møte blir haldne mange stader i tida før påske.
I Åsskard er utvidinga av Gammelkyrkjegarden ei aktuell sak. Dertil blir leiarens årsrapport supplert med biletserie om aktivitetene i 2022 – frå dugnad og barnekveldar til konsertar og TV-strømming. Det skjer mykje i kyrkjemiljøet!
Soknerådet serverer sodd til middag og har ei lita utlodning. Ordet er fritt til samtale.