ANNONSE:

Vidar Rygh.
Vidar Rygh.

Messe i kyrkja og på nett

Publisert Sist oppdatert

Søndagens gudsteneste i Åsskard var tenkt ute, men måtte flytte innandørs.

Til gjengjeld kan mange oppleva denne messa både der i kyrkja og direktesendt på nettet – via strøyming. Nettversjonen blir også finne som opptak seinare.

Vidar Rygh er dagens prest. Han tek tak i den merkelege forteljinga om Jona og kvalfisken – og tolkar den.

Elles blir to born døypte. Midlar til lokalt kyrkjearbeid kan gjevast som dagens takkoffer.

Ei songgruppe deltek. Kyrkjetenar er Marit Glærum, Randi Bøe er klokkar og Bernt Bøe organist.

Etter messa spanderer kyrkjevertane Kari Aarnes og Inger Lise Heggem saft, kjeks og kaffe i Kyrkjestua.

---

ANNONSE:

---

Powered by Labrador CMS