Åsskard sokneråd melder:

Bibelforteljing frå kyrkjekvelden sist måndag. Elsa Jensvold og nokre av 4-åringane.
Bibelforteljing frå kyrkjekvelden sist måndag. Elsa Jensvold og nokre av 4-åringane.

Hausttakkefest i Åsskard

Publisert Sist oppdatert

Åsskard Bygdekvinnelag pyntar kyrkja si med markens grøde komande søndag. Årets hausttakkefest blir ei fargerik gudsteneste – med barna i sentrum.

Dåp, bibelforteljingar, song og utdeling av kyrkjebok til 4-åringane står på programmet. Dagens liturg er truslærar Elsa Jensvold. Ho følgjer opp måndagens kyrkjekveld, der ein del av 4-årsgruppa deltok.

Randi Bøe er klokkar, og Bernt Bøe spelar orgel og piano.

Soknerådet byr på saft, kaffe og kaker i Kyrkjestua etter gudstenesta.

Bygdekvinnelaget haustpyntar kyrkja i år som alltid før.
Bygdekvinnelaget haustpyntar kyrkja i år som alltid før.
Åsskard kyrkje. Måleri av Sigrun Hesjehagen.
Åsskard kyrkje. Måleri av Sigrun Hesjehagen.
Powered by Labrador CMS