ANNONSE:

Dåpsgudsteneste i Åsskard

Publisert

Bjørn Hovde er prest i Åsskard kyrkje søndag. Dette er einaste gudstenesta i området denne helga.

Kyrkjekalenderen annonserte tidlegare songkveld i Åsskard søndag. Men sidan ingen kyrkjer i Surnadal har samling, vart det behov for ei vanleg gudsteneste no. Dei to helgene før har det vore bispevisitas og allehelgensprogram. Neste helg startar adventstida med lysmesser og oppkjøring til jul.

Lille Sverre skal døypast i gudstenesta, og det er nattverd. Ei songgruppe deltek, og i ein av salmane er det vekselsong mellom forsamling og solist, som er dagens prest Bjørn Hovde.

Takkofferet støttar musikkarbeidet i soknet, der ein no førebur storsatsing på julekonsert 18. desember.

Soknerådet er klare med kyrkjekaffe, saft og småbrød etter gudstenesta.

Powered by Labrador CMS