Torbjørn Brøske forretta friluftsmessa på Tjønnmyrane i Todalen.
Torbjørn Brøske forretta friluftsmessa på Tjønnmyrane i Todalen.

Påskefinale i Todalsmarka

Publisert Sist oppdatert

I år som om alltid var det friluftsgudsteneste andre påskedag i Todalen. Og som i alle år med bra ver. Dei første regndropane kom da Todalssongen hadde tona ut!

Gapahuken som familien Nordvik har bygd ved Tjønnmyrane er veleigna og mykje bruka til friluftsaktiviteter – dei siste par åra også som gudstenestearena. Godt og vel eit halvt hundre møtte fram.

Det todalske mottoet stemte igjen: - «Ta ordnar vi!» Denne gongen ved at nytt keyboard raskt kom på plass da det gamle svikta. Og da prest Torbjørn Brøske ønska hjelp til ymse tenester, var 5-6 medliturgar var straks villige!

Presten tok utgangspunkt fleire bibelske påskehendingar. Møtet mellom Jesus og Emmaus-vandrarane var preiketekst. Blant poenga merka vi oss at salmen «O, bli hos meg» byggjer på læresveinane si bøn: - Bli hos oss, Meister, dagen er på hell!

Soknerådet sørga for pølser og kaffe etter samlinga, som avrunda rekkja med 5-6 gudstenester i Surnadal denne påska.

Litt av forsamlinga som gjorde gapahuken til kyrkjerom.
«Ta ordnar vi!»: Tekstlesar Borghild Talgø var blant fleire som spontant stilte som medliturgar.
«Ta ordnar vi!»: Tekstlesar Borghild Talgø var blant fleire som spontant stilte som medliturgar.
Powered by Labrador CMS