ANNONSE:

Bli med på årets Kløvvegmarsj på laurdag

Laurdag 31.7. med start kl 10 går den årlege Kløvvegmarsjen frå Rabban (oppom steinbruddet i Vindøldalsvegen) til setra Røsta.

Informasjon om turen:
Når vi startar oppå Rabbå får vi ein litt sympatisk og slak start mot om vi går frå Holtamoå. Når vi kjem til Mausetsetra bers det opp ei li før vi kjem til Tællibekkjen, der det er rast.

Så går vi langs Brynntjønna, og på stort sett tørr sti til Kronblomsteinen før Vindøldalen openberer seg frå Velteret. Der blir det ein god rast før ein går innover dalar og domper til vi svingar ned til hengjebrua på Pebua og går etter vegen til Røsta. Dette dersom elva er litt stor å vade.

Det går og an å fortsette etter Kløvvegen til ein går over Røstavaet.

Det skal vere såpass merka at ein finn fram om ein heller vil ta turen ein annan dag.

Turen tek nok fem timar og vel så det. Ta med niste og klede etter veret. Formålet er å halde stien i live.

På Røsta blir det salg av rømmegraut med spekemat, bakels og kaffe. Vi har rømme frå Todalen meieri som gjestane får smake. Bommen på Pebua blir flytta til Røsta denne helga slik at dei som ikkje er i Kløvvegmarsj-form lett kjem seg til seters.

Vi ber alle om å halde avstand og følgje smittevernreglane.

Det er forresten veldig bra vermeldingar! For dei som har bil ved startpunktet blir det ei råd med transport dit att.

Velkomne!

Bileta under er frå denne veka da merkinga av stien vart oppfriska.

Powered by Labrador CMS