Årets første Fjellgruppetur:

Godt humør og godt oppmøte på Årnes

Publisert

Turen gjekk på Årnes i dag. Bert var det, og god sti, men himmelen viste ikkje fram solsida.
Alle 22 oppmøtte hadde med godhumøret, og med Svein Årnes som vegvisar og guide vart det ein stastur. Han har lagt ned eit stort arbeid med stimerking , med namneskilt på merkestader. Eit svert verdifult arbeid for å ta vare på namna frå den tida namn i terrenget var viktig for å veta kvar ein skulle beite eller orientere seg ellers.

Namna fortel også mykje om staden. Vi fekk høyre at Vargøya - som vi såg beint under oss - ikkje kom av all vargen som hadde vore der, men av at krongelfuru vart kalla "vargfuru" før i tida. Så da lærde vi noko i dag og.
Til slutt fikk vi lære korleis retteleg årnesisk gjestmilde tek seg ut: vi vart bedne inn i hytta til Svein, og da viste det seg at han hadde stått opp i otta og koka kaffe og fylt på kanner, lasta opp is i kjølebeggar og molte i store koppar og bore opp til hytta, slik at det stod og venta da vi kom inn!
Jøye meg, eg seier ikkje meir!

Stor takk til Svein frå alle deltakarane på tur og etegilde!
Kanskje blir det fleire turar til Årnes!

Svein Årnes, guide og Skogstuas vert.
Powered by Labrador CMS