Kjell Aukrust skreiv eingong at "Vårherre tok den største høyriva og raka bort skydottane på himmelen". I dag gjentok han røyinga, slik at ein halvsur morgon skein opp og viste oss kor fint det er når det skin sol. Attåt var det ein liten auståvindkjøl som heldt temperaturen aldeles måtsam. Svarrafjellia er bratt, men alle kom opp i fin stil. På toppen vagla vi oss på solsida og naut både utsyn og mat og drikke. På nedtur svinga vi innom Ranessetra. Der brann det på utepeisen - Sverre Ranes hadde gjort opp eld og koka kaffe. Det hasta ikkje å komme seg ned att! Neste tirsdag skal vi prøva oss på Raufjellet i Resdalen - kom og bli med!
Første stopp.Foto: Anne Vognild Einum
Utsyn mot bøgda.Foto: Anne Vognild Einum
Vante fjellvandrarar.Foto: Anne Vognild Einum
Klyv til topps.Foto: Anne Vognild Einum
På rad og rekke.Foto: Anne Vognild Einum
Skikkeleg fjellkar.Foto: Anne Vognild Einum
Siste innspurt.Foto: Anne Vognild Einum
Alle 21 på Svarrafjellets varde.Foto: Anne Vognild Einum
Utsyn vestover fra Svarrafjellet.Foto: Anne Vognild Einum
Utsyn til Blånebba.Foto: Anne Vognild Einum
Utsyn mot aust og sør.Foto: Anne Vognild Einum
Til topps på Svarrafjellet.Foto: Anne Vognild Einum
Matpause på Svarrafjellet.Foto: Anne Vognild Einum
Spreke damer til topps.Foto: Anne Vognild Einum
Rogna blomstrar under Svarrafjellet.Foto: Anne Vognild Einum