Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag:

Tur til Tverrlihytta

Publisert

29 pensjonistar i Fjellgruppa hadde ein fin tur med ypperleg turver til Tverrlihytta tysdag 14. sept. Tverrlihytta som ligg i fjellområdet (500 m.o.h) mellom Bøverdalen og Valsøybotn, er ei sjølbetent DNT-hytte, og er ein del av Fjordruta. Turen dit er på 3,8 km. frå Bøverdalen.

Vi starta frå Borstua /Sæterbøen på merka skogsveg og stig. Lia gjennom skogen var brattare enn lang! Men det gjekk godt, gode "fjellgeiter" som vi er! Etter 1,8 km var vi framme på Sæterbøsetrin (325 m.o.h.), som mildt sagt er til nedfalls. Austigard/ Borstu - skjelet er det einaste seterhuset som står...på sitt vis! Ein dumdristig handling, av ein av oss, var det kanskje å krype inn i det falleferdige skjelet, men slik er det når nysgjerrigheita tek overhand!

Så gjekk turen vidare i slakkare og noko myrlendt terreng opp til Tverrlihytta. Vi vart imponert over den koselege og fine turisthytta og den fantastiske utsikta mot Trollheimen og Sunndalsfjella. Her tok vi ein lang og velfortent kvil- og matpause. 19 av oss tok og ein ekstra tur opp på Tverrlia. Og der vart vi belønna med utsikt til Valsøybotn og fjella rundt om. Vi følgde den same ruta ned att til Sæterbøen, og vi var alle samde om at det hadde vore ein særs fin tur.

29 spreke pensjonistar startar frå Sæterbøen
Geitåa med fossar og stryk
Endeleg Sæterbøsetrin etter bratt li
Borstua og Austigardssetra
Tryggast å berre sjå inn
Seterbudeia som går att kanskje
Sjeldan og triveleg møte i fjellet no til dags
På tur frå Sæterbøsetrin til Tverrlihytta
Spreke damer opp lia til Tverrlihytta
Alle 29 framme på Tverrlihytta
Fin rasteplass på Tverrlihytta med flott utsyn til Trollheimen
For 19 av oss vart det og ein tur opp på Tverrlia
Flott utsikt frå Tverrlia til Valsøybotn og vidare
Her er det fint og godt å vere
To alltid blide og positive fjellvandrarar
Mange fjell å sjå mot nordaust og
Tverrlivatnet
Ned til Tverrlihytta
I full driv
Kjell kjentmann med Sæterbøsetra og fjellet Kjerkå
Ned bratte skogen til Sæterbøen

Tekst og foto: Anne Vognild Einum

Powered by Labrador CMS