Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag

Fantastisk utsikt.

Skafin tur til Blåfjellet

Publisert

Vi fekk parkere på Rognskog, og så bar det oppover god skogsveg. Men det var langt - og bratt! Veret hadde derimot bestemt seg for å vise solsida denne dagen, og det var godt no etter 14 dagar med regntid. Variert og vakkert landskap heilt opp, der synet åpna seg vide omkring. Somme klårsynte meinte dei såg fyret på Grip, - det var i alle høve dagen for det. Fire ryper flaug forbi da vi kvilde på toppen, og sanneleg fann vi ikkje ei haglforladning frå i fjor. Veit ikkje om hen trefte, men det er von i smellen. Nedturen gjekk vi ein annan veg i eit utruleg variert og vakkert landskap. Vel nede vart vi samde om at det var like drygt som ein Knyktur, og da er det svert!

Neste tur går til Nordvik og Gråfjellet. Og onsdag 5.10. møtest vi på Todalshytta kl 1900 for fin middag: forrett, indrefilet, dessert, kaffe til kr 740,- pr. pers. Meld deg på til Kristian tlf 99530263 eller på turen 27.9. Det blir ei bra avslutning på turane i år!

Første rast i opent terreng.
God utsyn over Tusnsastabbane og vidare.
Fine bergformasjonar.
Vidt og lett terreng oppå Blåfjellet.
Toppen på Blåfjellet 766 moh.
Matpause i ly av toppen.
Alle 18 kom til topps.
Utsikt mot Trollheimen.
Fjella blånar i syningom.
Fint utgangspunkt for nedturen.
Ein annan veg ned att frå Blåfjellet.
Rypelyngen gløda i fjellet.
Ein lang og overlag fin fjelltur for alle 18.
Powered by Labrador CMS