James Lawrence Chaworth-Musters med kompani.Foto: Anne Vognild Einum
Med fjellgruppa til Vaulen
Det var det vi med eit pent ord kan kalla duskregn da vi møttes på parkeringsplassen (skriv eg rette namnet vil redaktøren stryke det!), men ingen sure miner. Alle var programmerte for Vaulen.
For fleire av oss var det førstegongsvitjing til denne namngjetne fjellgarden hans Musters. Etter grei sti kom vi fram til den fine setervollen, og like bortanfor ligg den staselege stova på Vaulen. Vi fikk fortalt om alt dugnadsarbeidet som der var nedlagt.
Det var velstelt og i orden både ute og inne. Kommunen har lagt til rette for bruk, også overnatting for ein rimeleg penge, og anlegget fortener å bli bruka!
Vi inntok mat og drikke i den store gapahuken med utsikt ut over vatnet og skoddeheimen, og var samde om at vi lyt attende ein godversdag for å få rette opplevinga.
På returen var vi innom hytteanlegget til Anne og Brage - der og var det gjort mykje og godt arbeid! Og så er det ei heil veke til neste tur!
GardsbekkbruaFoto: Anne Vognild Einum
Opp frå GardsbekkbruaFoto: Anne Vognild Einum
Lang rekke austoverFoto: Anne Vognild Einum
Flatt og lett terrengFoto: Anne Vognild Einum
Austenden av SolåsvatnetFoto: Anne Vognild Einum
Ved VaulavatnetFoto: Anne Vognild Einum
Seterstølen på VaulenFoto: Anne Vognild Einum
Vaulen ligg vakkert tilFoto: Anne Vognild Einum
Vaulen med velheldt hus og stølFoto: Anne Vognild Einum
James Lawrence Chaworth-MustersFoto: Anne Vognild Einum
Chaworth-Musters med kompaniFoto: Anne Vognild Einum
Ned seterstølen på heimturFoto: Anne Vognild Einum
Tilbake langs Vaulavatnet, Litj-Solåsvatnet og SolåsvatnetFoto: Anne Vognild Einum
I klårver ser vi Trollheimen herifråFoto: Anne Vognild Einum
Over den høge GardsbekkbruaFoto: Anne Vognild Einum
Innom Snotsjå, Anne og Brage-hyttaFoto: Anne Vognild Einum
Alle må skrive seg inn på SnotsjåplankenFoto: Anne Vognild Einum
Straks tilbake på Tippen, parkeringsplassenFoto: Anne Vognild Einum
Fin og frisk tur i yr og skoddeFoto: Anne Vognild Einum