Annonse
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag:
Gråverstur
Fjellgruppa - litt redusert antal i dag! - møttes og forhandla om dagens tur. Forslag om utsetting grunna styrtregn vart kontant avvist.
Løysinga blei Svinvikrunden avkorta, men om Gjeldnes. Bra motbakkar for kondisen. Nedbøren var strid, så samtalane minte om av gurgling.
Vi tok oss inn under eit vedoverbygg oppe på Gjeldnes og fekk oss næring.
I tunet på Nestun kom eit kopplam og ville slå lag med oss, men han var for ung for vår gjeng. Triveleg gamalnorsk type.
Til slutt var alle samde om at det hadde vore ein triveleg tur også i dag!
Alle foto nedanfor: Anne Vognild Einum.