Annonse
Sesongstart for Fjellgruppa:
Flott tur til Torviksetra
Randi har i lang tid fortalt oss kor fint det er på setra hennar, og i dag fekk vi syn for segn. Svein Årnes gikk framom oss som kjentmann, og etter 370 høgdemeter sto vi på stølen. Utsikten rundt om var som Randi hadde fortalt, heilt frå Hemnefjell i nordaust til langt uti fysnin i vest.
Vi nytte medbragt ved setra, - det trongst påfyll etter ei bratt li. Svein ville fortsette til Langvatnet, men utsikten til fleire kontrabakkar freista ingen. Forresten såg vi torveret som kom frå Rindalen, og rakk akkurat bilane før regnet nådde oss.
Neste veke går turen til Svarthammaren oppi Knykja.