Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag:

Svartvatnet under Svarthammaren

Tur til Svarthammaren

Publisert

"Hadde eg visst kor langt det var, ha eg ikkje vorte med!", sa ei av deltakarane på Svarthammarturen da vi var nede ved bilane att. Men ho angra ikkje. Det rare er at når vi tykkjer alle krefter er oppbruka, så har vi 70% att.

Fleire sa at Honnstadkroken til Svarthammaren er minst ein Knyktur. Samme kva, 29 godt vaksne gjennomførte med stil, i eit velsigna godt turver. Det gode ryktet til Fjellgruppa har spreid seg langt, for ein av deltakarane kom heilt frå Jondalen - ein sprek og triveleg kar.

Da vi endeleg fekk sett oss vel oppe, kom sola fram og viste eit vakkert grønt fargespel borti Knyksida. Og utsikten viste oss kor fin bygda vår er!

Neste tirsdag står Åsbøsnyta for tur.

Oppstart ved Honstadkroken
Rast etter bratt og lang skogsti
Bekken klukkar så vakkert
Mange ei fin furu
Utsikt oppover bøgda
Endeleg kjem toppen til syne
Straks på toppen
Toppen på Svarthammaren
Matpause på Svarthammaren
Mary har ikkje høgdeskrekk
Spreke pensjonistar på Svarthammaren
Fine bergformasjonar
Svartvatnet under Svarthammaren
Ser ned på Svartvatnet
Ned frå Svarthammaren
På lang rekke nedover
Tørrgadd lyser opp i marka
Gammal og ung side ved side
Snart nede ved Honstadkroken
Powered by Labrador CMS