Søya elveeigarlag

Søya

Søya stengt for fiske

Styret i Søya elveeigarlag har vedtatt å stenge elva for fiske i to veker, frå og med laurdag 18. juli til og med laurdag 1. august, skriv elveeigarlaget i ei pressemelding torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Elva kan berre opnast for fiske igjen dersom ei ny teljing av fisk viser at det er grunnlag for det. Sesongen blir uansett avslutta 15. august, som tidlegare vedtatt.

Vedtaket vart gjort etter ei drivteljing av fisk tysdag 14. juli, utført av tre dykkarar. Dette er tredje året på rad at laks og sjøaure blir rekna på den same strekninga.

- Årets teljing viser ein gledeleg framgang for begge artane samanlikna med dei svake åra 2024 og 2025. For laks utgjer likevel talet mindre enn 50 prosent av gytebestandsmålet i Søya. Derfor vedtok styret i elveeigarlaget å stenge elva for fiske, i første omgang i to veker, seier styreleiar Nils Harald Øyen Kvande.

Dermed vil både Surna, Toåa og Søya vera stengt for fiske til 1. august.

Powered by Labrador CMS