Åsskard sokneråd melder:

- Møt opp til vaskardugnad inne i kyrkja vår! oppfrordrar Inger Lise Heggem (frå venstre), Eva Jorid Svendsen og Randi Bøe.

Vaskardugnad i Åsskard

Publisert Sist oppdatert

Måndag 17. april skal Åsskard kyrkje vaskast innvendig. Soknerådet ønskjer og treng mannjamn oppslutning om dugnaden.

Som alle bygg får kyrkjene jamnleg reinhald. Men somtid krevst det full rundtvask av golv, vegger og tak - så høgt ein rekk.

Kyrkjene er folkets felleseige. Tiltak som dette er dermed oppgåver for fellesskap og samhandling.

Vi møtte Eva Jorid Svendsen, Inger Lise Heggem og Randi Bøe til eit PR-framstøt for dugnaden og kyrkjefellesskapet. - Vi treng mange med oss, seier dei.

Eit lite reknestykke viser at med soknerådet åleine ville jobben ta bortimot ein dag. – Får vi med oss for eksempel tretti til – ein 20-del av folket i soknet, er rundtvasken unnagjort på ein liten halvtime! Ja – di fleire vi blir, di lettare og raskare blir kyrkja rein og fin!

Dugnad er både triveleg, effektivt - og ikkje minst rettferdig. Ein startar i 10-tida måndag. Etter ferdig jobb blir det servering i Kyrkjestua.

– Ta med vaskarstav, mopp og tvuer. Godkjent vaskemiddel og anna tilbehør skaffar kyrkja sjølv, seier dei tre, sikre på at den velkjende dugnadsånda i bygda stadig er levande: - Møt opp og ta din lille del av jobben!

Inger Lise Heggem (bak), Eva Jorid Svendsen og Randi Bøe treng dugnadshjelp til effektiv rundvask av Åsskard-kyrkja måndag føremiddag.
Powered by Labrador CMS