Amigos for Ukraina

Barnegruppa Amigos i Bøfjorden tok eit kjempetak for Ukraina søndag. Ein flott kulturkveld gav bortimot 20.000 kroner til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.

Publisert

Saman med leiar Bodil Kvam Aasbø og foreldre har gruppa med barn frå 1. til 6. klasse både planlagt og gjennomført eit variert og flott program til inntekt for sine medsøsken i eit krigsherja Ukraina. Her lever gruppa hundre prosent opp til namnet sitt – som betyr «venner».

Mange tok turen til bedehuset Betania for å støtte opp om tiltaket.

Og programmet var fantasifullt og rikhaldig. Her selde dei mat, lodd, popcorn og sukkerspinn forutan perlearbeid i ukrainske fargar. Her fekk du lakka neglane dine, og her fekk du spela på lykkehjul. Ideane og det praktiske arbeidet stod Amigos stort sett for sjølv.

Gripande var songane dei framførte. Lystenninga for fred i verda gjorde sterkt inntrykk.

Gruppa framførte mange rørande og vakre songar.

Gjertrud Heggem donerte fleire av sine akvarellar til inntekt for den gode saka, og alle vart selde.

Utanom kontantinntektene på sjølve kvelden kom det inn mykje pengar via vipps – også frå fleire gjevarar fjernt og nært.

Kvelden gav eit økonomisk resultat som monna. Og ikkje minst var det ei sterk markering av støtte og omsorg til medmenneske som har det uendeleg vondt.

Mange uttrykte ros og takk til Amigos-barna og den dyktige leiaren deira.

Powered by Labrador CMS