Livleg bilprat etter programslutt. Frå venstre Morten Betten, Arnt Kjetil Bøe, Ole Fiske (eigar av 1980-Mercedesen på vegen), Arne Fiske og Oddvar Kvande med sin 1968 Skoda Octavia.

Tema på hjul

Ekstra stolar måtte til i eit fullstappa Bøfjorden Sjøbruksmuseum da bilhistorie var tema søndag.

Publisert Sist oppdatert

Sjølve programmet var eit fleirfoldig biletkåseri der over hundre års trafikkhistorie og ei mengd blankpussa veteranbilar pryda lerretet. Men også på parkeringplassen utafor museet tala temaet sitt tydelege språk. Begeistringa over historiske kjørety var til å ta og føle på. Entusiastar vart blanke i augo, og fagpraten gjekk livleg både inne og ute.

Hovudkåsør var Morten Betten. Han imponerte stort med flotte foto både frå privat bilpark, frå utviklinga av bilismen etter «frisleppet» i 1960 - og også frå bilens barndom sist på 1800-talet.

Bernt Vatten hadde like godt køyrt frå Halsa med sin 1958 Massey Ferguson!
Og denne skjemte ikkje laget!

Morten røpa enorm detaljkunnskap om alle bilmodellar og eigenskapane deira. Statistikken over bilsalg og bruk tiår for tiår kasta lys over ein viktig del av utviklinga i det moderne samfunnet.

Også Arnt Kjetil Bøe og Jon Storløkken hadde fascinerande bidrag i form av foto og gode kommentarar.

Salen fyltest tidleg med entusiastar frå heile Nordmøre.

Historielaget presenterte bakgrunnsstoff med utvalde bilete frå sitt rikhaldige arkiv – også med traktor, buss og lastebil. Kavalkaden viste lokale kjørety, sjåførar og passasjerar i over hundre års perspektiv.

Blant dei 70 i salen var interessa og fagkunnskapen stor, og kommentarane sat laust. Ein idealsituasjon for alle program-arrangørar!

Kjøkenet fekk lovord for velsmakande kaffetilbod - graut og bakels, varm eplekake med krem og alt som godt var.

Og etterpå heldt praten fram utafor husets vegger – der mange lekre veterankjørety kasta glans over dagen.

Arkivfoto på lerretet: Vi veit ikkje om desse damene køyrde særleg langt i bilen hans Ola J. Gravvold. Men eit yndig og sjeldan 1920-talsmotiv er det! Etter våre opplysningar ser vi (frå venstre) Ingeborg Gravvold (Romfo), ved rattet Alvilde Sæterbø (Gravvold), Brit Svorken, Jenny Johansen (Knubben) og Mali Gravvold (Bævre).
Arkivfoto på lerretet: Erling Sæthervik og hans første lastebil ved butikken på Peøra i Bøfjorden – visstnok i 1938.
Arkivfoto på lerretet: Avansert Olabil sist på 1920-talet. Den er tipp-topp utstyrt – endatil med «registreringsnummer»! Vi trur sjåføren er Ivar Lillegård, som var fødd i 1914.
Powered by Labrador CMS