Mange barn med startnummer står på rad og ser mot kameraet.
Etter høgtideleg medaljeseremoni. Her manglar berre Bøfjordsongen

Skidag i Bøfjorden

Bøfjordingar i alle aldrar hadde eit flott skitreff med barnevennleg lagsmeisterskap laurdag.

Publisert

Den innbydande arenaen på Settemsgjerdet, med fine flater og små bakkar, var bada i påskesol. Litt kald vind skipla ikkje stemninga.

I pakt med mottoet «Det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta» vart sjølve meisterskapet gjennomført på ein måte som ikkje skapte «taparar». Men frivillig fekk alle prøve seg på skimerket - med tilpassa krav for dei yngste kontra dei litt større ungane.

Premieringa var lik for alle – ein medalje til kvar.

Dei vaksne ordna alt det praktiske og gav støttande hender til dei minste rundt løypa. Og sjølsagt var det bakels, saft, kaffe og frukt til små og store!

Ikkje så dumt at det ligg rikeleg med snø rett før påske. No kan høgtida koma - med håp om at sola ikkje gjømmer seg!

Powered by Labrador CMS