Sigrid Vetleseter Bøe

Sigrid Vetleseter Bøe til topps i internasjonal konkurranse

Sopranen frå Bøfjorden var ein av åtte premierte songarar i Elizabeth Connell Prize 2021.

Fredag 13. er kanskje mest kjend som ein dag som bringer ulykke, men for Sigrid Vetleseter Bøe vart i alle fall august 2021-utgåva av datoen ein jubeldag.

Sopranen frå Bøfjorden i Surnadal har nemleg delteke i den prestisjetunge Elizabeth Connell Prize International Singing Competition, som i år vert arrangert digitalt grunna koronapandemien og restriksjonane den fører med seg.

Alle vinnarane

  • Oksana Sekerina (Russland) $10,000
  • Sigrid Vetleseter Bøe (Norge) $10,000
  • Lauren Fagan (Australia) $10,000
  • Leah Gunter (Sør-Afrika) $9,000
  • Claire Barnett-Jones (Storbritannia) $8,000
  • Nina-Maria Fischer (Tyskland) $8,000
  • Mikayla Sager (Canada) $7,000
  • Yulia Shavarina (Russland) $7,000

Og fredag kom beskjeden: Sigrid Vetleseter Bøe er ein av 1. plass-vinnarane i konkurransen, og får tildelt 10 000 australske dollar i premie!

Det vart kåra totalt åtte vinnarar i konkurransen, og delt ut totalt 69 000 dollar. Sigrid er ein av berre tre songarar, som er tildelt det høgste beløpet, som altså er 10 000 dollar.

Konkurransen vert arrangert av ein australsk stiftelse, The Joan Sutherland & Richard Bonynge Foundation Ltd, som tek mål av seg å hjelpe unge, talentfulle operasongarar økonomisk, for å bidra til å sikre dei lange karrierer innan opera.

2021-utgåva av konkurransen skal i tillegg vere med å bidra til å hjelpe operasongarar, som har mista jobbar på grunn av koronapandemien.

Tidlegare har konkurransen vore delt i tre rundar: videosøknad, live-auditionar og finale med fem finalistar i Sydney. Den er skapt av arva etter den sør-afrikanske sopranen Elizabeth Connell, og det er sopranar og mezzosopranar mellom 25 og 34 år som kan delta.

Sidan 2014 har konkurransen delt ut 324 000 australske dollar i premiepengar, og i år er altså Sigrid Vetleseter Bøe ein av dei dyktige vinnarane!

Powered by Labrador CMS