Peder Hønsvik (frå venstre), Espen Wilhelmsen og Alex Kurbanov skape flotte musikkopplevingar på Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Tango og skutehistorier

Musikktrioen Peder Hønsvik, Espen Wilhelmsen og Alex Kurbanov heldt konsert til stor begeistring for førti frammøtte på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert

Blir ikkje tango etter tango litt kjedeleg? kan ein spørre. Svaret er definitiv: Nei! Her er enorm variasjonsrikdom - frå det eggande til det meditative, frå det aggressive til det vemodig mollstemte.

Nyansert

Og med maestro Hønsvik sin virtuose og stilsikre bruk av trekkspela, Espen si elegante handtering av Telecasteren og Alex sitt frodig keyboardspel kom både tangoens mange nyansar og den øvrige slagermusikken fullt til sin rett i salen.

At Peder Hønsvik også gav interessante kommentarar til dei enkelte stykka, gjorde museumskonserten fullkomen.

Skutehistorier

Som mellomakt presenterte lerretet skipshistorier under overskrifta «Skuter og skjebner»: Hjuldamparen «Nordmør» gjekk på isen og sokk ved Stangvika, men vart heva med hjelp av tomtønner. Jakta «Flora» frå Sjøflot ligg 127 år gammal som vrak ved Liverpool etter ein eventyrleg karriere. «Veslegut» og «Havås» (Oscar II) oppviste mykje ramsalt liv. Eit par dramatiske forlis vart også minna.

Smugling av ymse slag

Sandskuta «Boy» si påståtte krigssmugling til Max Manus og hans motstandsfolk var ein godbit for forsamlinga. «Marnet II» vart rikskjendis i 1981 – også som smuglarskøyte, men da med 11 000 liter ulovleg vodka frå Spania! (Her vart det tydeleg understreka at dette skjedde mange år etter at ho hadde forlatt Bøfjorden!)

Som avslutning på museumsdagen heldt trioen frå «Hjemmelaget» fram med meir musikk – og da delvis med maritim tilknyting.

Powered by Labrador CMS