Arvid Skrøvset og Mali Settem hadde gode bidrag til skiprogrammet

Ski-minne som albumblad

Prestasjonar i skisporet og tilhørande innsats prega historietimen på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert Sist oppdatert

Dei store skibragdene til Sigurd Røen, Edvin Landsem og andre lokale meistrar fylte mykje av biletprogrammet. Autentiske lydopptak gjorde stoffet nært og levande.

Men like interessant var kanskje små historier, pussige hendingar og glimt av strevsame idrettskår. Mykje slikt vart formidla med nærkunnskap frå salen.

Ti mil med spark + 30 km langrenn

Mali Settem fortalte levande om bestefar Hans Bævre - i si tid ein dyktig skiløpar i lokalmiljøet. Følgjande episode seier sitt om innsatsviljen:

For å delta i ein 30 km på Gyl drog Hans grytidleg søndags morgon frå Nyhusa i Bøverdalen - på spark til Snekkvika, der han (med ski, oppakning – og spark) tok dampbåten til Meisingset. Etter ny 2 mils sparktur kom han til Gyl, der han gjekk sitt 30 km langrenn, og han kjente sikkert 3-mila i beina da han tok fatt på tilbaketuren. (Han laut jo heim att til ny arbeidsdag neste morgon!)

No gjekk ikkje dampen, så det vart først ein sparktur til Rykkjem og så båt til Kvanne. Men da hadde vegen snøa-att, så derifrå laut Hans gå på skiene - med sparkstøttingen på slep! Komen til Berset sette han att sparken og tykte nok skituren over marka til Bøverdalen om natta var ei grei sak …

Historia endar med at han kom til Nyhusa tidsnok om måndagsmorgonen til å rekke heile arbeidsdagen. Da hadde han tilbakelagt ein rundtur på omtrent 10 mil pluss 30 km langrenn!

(Denne skulle Klæbo & co. ha gjort han etter!)

Arvid med to strake

I salen sat Arvid Skrøvset. Han vaks opp i Settemsdalssletta med ski som obligatorisk framkomstmiddel. Frå hans lange aktive idrettsliv vart denne historia presentert:

Som «ein av dei beste skigutane i landet på 1950-talet» (Johs. J. Vaag sine ord) vann Arvid det meste han stilte opp i. Etter seier i guteklassa under eit kretsrenn i Bøverdalen gjekk han like godt same løypa opp att saman med juniorane ein time seinare. Arvid vann igjen - og slo juniorvinnaren Johs. J. Vaag med 4 minutt!

Påskjøning

Same Johs Vaag var også til stades. Nokre av hans mange bragder vart trekte fram - både innsats i den militære Nijmegen-marsjen, tallause Birkebeinerrenn og tildelinga av høge utmerkelsar, som Schroeders Minnepokal i 1960.

Framheva vart også Ole Flessen for hans ustoppelege konkurranseaktivitet gjennom alle år. Da kåsør Bernt Bøe antyda at Ole har delteke i rundt 1700 tevlingar sommar og vinter, protesterte veteranen: - Trur du reknar 100 for mykje!

Veteranane Johs Vaag og Ole Flessen knipsa i ein passiar. Tru om ski kan vera samtaleemnet?

Både Ole, Arvid, Johannes og Mali (som barnebarn av Hans Bævre) fekk kvar si museumskrus i påskjøning frå Bøfjorden Historielag.

Sigurd og Edvin i arkivopptak

Sigurd Røen (1909-1992) og Edvin Landsem (1925-2004) er unekteleg dei store profilane i nordmørsk skihistorie. Gjennom arkivopptak frå 1981 kunne publikum høre dei begge fortelje om tøffe konkurransar, om Hitlers Ærespris og andre store premiar - og om artigheter av ymse slag.

Sigurd Røen vann i 1937 Hitlers Ærespris – ein massiv bronseskulptur.

- Ikkje mange rindalingar har sett Lenin og Stalin, kunne ein høre Edvin fortelje - han var i 1955 innom mausoleet der dei to låg balsamerte og synlege.

Edvin Landsem i flott driv

- Under 50 km i OL i Oslo 1952 ropa ein uvitande skiturist og spurte om eg skulle langt innover Nordmarka. Eg svara at eg hadde no tenkt meg eit stykke til!

Frå Sigurd fekk vi også minne via CD-spelaren. - Da eg fekk Hitlers Ærespris i Garmisch-Partenkirchen i 1937, storma folkehopen til og trampa på skiene mine så eg ikkje kom meg derifrå, sa den dobbelte VM-vinnaren og fortsette:

Sigurd Røen i landslagsdrakt

- Under eit langrenn i Surnadalen laut eg hoppe over både eit stort ti-hol og ein utgard. Men eg landa i løypa og fortsette utan å ramle, sjøl om eg gjekk rundt i salto den eine gongen!

Skisporten hadde endatil sin eigen gud. Her er «Skiguden Ull» på ei islandsk tegning

Det humra godt i salen under desse opptaka og under glimta frå museets albumblad. Også frå den eldste tida vart det fortalt – om skiguden Ull, om da dei hoppa med stav og mælte både puls og pust for å kåre dei beste i løypa. Og at «Præmierne anskaffes af Damerne».

Jau – det var tider, du!

Powered by Labrador CMS