Mange mennesker sitter i en trebåt ved en brygge og holder opp årene
Du kan både avtale leige og delta som roar på «Hjelmkonnå» - som under kyrkjeturen 2. juli, seier Bøfjorden Historielag.

Ny sesong på Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Publisert

Middag og lokale terrengnamn står på menyen når Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar sommarsesongen søndag 25. juni.

Museet byr på utstillingar, kaffe og posten «Dagens tema» kvar søndag fram til september. På opningsdagen og eit par søndagar seinare blir det også middag.

To kvinner og en mann holder fram en båt, program og en kjele foran en rød vegg
Gunnhild V. Bøe, Bernt Bøe og Kirsten Baadnæs Bøe i styret ønskjer velkomen til ny sommarsesong. Gunnhild har soddgryta klar søndag, Bernt lovar tema frå sjø og land utover sommaren og Kirsten anbefaler både dialekthefte og terrengturar.

Variert temaliste

Temalista har titlar som «Heimspråket», «Livet ombord», «Hyldbakk og Megard» - eit dobbelt 125-årsjubileum, «Gammelveg og bureising», «Gründaren Hans Bævre», «Seterliv», «Hobbydag» og lokal «Bokdag». Attåt kjem visesongaren Per Årsund og på avslutningsdagen musikkgruppa Hjemmelaget.

«Turar og terrengnamn» er tema for biletkåseriet på opningsdagen. Saman med Bøfjord IL står historielaget bak trimopplegget «Turar i Bøfjorden» og informasjonsheftet om dei 26 merka turane i den vakre naturen.

Finansisert med kaffe og lodd

På opningsdagen byr kjøkenet på middag (sodd) og sjølsagt kaffe. Sesongutlodninga startar med eit gevinstbord som vil vekse frå søndag til søndag etter kvart som firma og private gir sine gåver.

Bøfjorden Historielag, som driv museet, har ikkje fast offentleg stønad. Det er kaffe- og loddsalget som held museet i gang som den populære kulturinstitusjonen og møteplassen det er.

To kvinner står ved en serveringsluke og heller kaffe
Lagets inntekter kjem frå salget av bakels, kaker og kaffe og frå sesongutlodninga. Gevinstane her, og mange fleire, blir trekte på «balldagen» 3. september, fortel Gunnhild V. Bøe og tante Kirsten Baadnæs Bøe i kjøkenluka

Kyrkjebåten «Hjelmkonnå»

Historielaget er også eigar og drivar av den klassiske kyrkjebåten «Hjelmkonnå» og minner om at den er til leige for interesserte. Søndag 2. juli inviterer laget til å bemanne båten for roing frå Bøfjorden til friluftsgudstenesta i Åsskardvågen.

Mange besøkjer «puben»

Ein formidabel dugnadsinnstas frå frivillige i bygda held museet i gang. Museet er puben i bygda. Oppslutninga om søndagane har alltid vore god - med ein liten svikt som følgje av koronapandemien. Ein reknar i år med å nå gamle høgder - eit snitt på langt over 50 frammøtte.

Og søndag kan altså besøkande innta både middag, ettermiddagskaffe og eit kåseri med flotte naturbilete og talande terrengnamn.

Powered by Labrador CMS